– Haaland er hundreårets kjøp

Les hele artikkelen

Englands tidlegare landslagssjef i fotball, Glenn Hoddle, karakteriserer Erling Braut Haaland-overgangen som eit sjeldant varp.
Det var under Champions League-trekkinga torsdag at Hoddle snakka til BT Sport om Haaland.
– Den guten har absolutt alt. Det finst ikkje eit element i spelet hans ein kan setje spørsmålsteikn ved. Han er vel 22 år. Han kjem til å bli betre og betre. For 51 millionar pund (582 millionar kroner med dagens kurs) er det hundreårets kjøp, sa Hoddle.
Haaland hadde ein utkjøpsklausul i kontrakten sin med Borussia Dortmund. Den gjorde at City betalte cirka halvparten av Haalands marknadsverdi til tyskarane då nordmannen skifta beite i sommar.
Manchester City møter Crystal Palace i Premier League laurdag. Haaland har skåra tre gonger på dei tre første seriekampane sine i England.