Granskar om Djokovic laug

Les hele artikkelen

Australias immigrasjonsminister har enno ikkje avgjort om han vil bruke makta han har til å utvise Novak Djokovic, trass i at tennis-esset i går fekk rettens løyve til å opphalde seg i landet.
Immigrasjons-styremaktene granskar no om Djokovic kan ha gitt usanne opplysningar i sin visumsøknad.
Han oppgav å ikkje ha vore på reise ut av heimlandet i dei siste 14 dagane før han kom til Australia. Men han reiste til Spania i denne perioden, skriv The Sydney Morning Herald.
Striden om Djokovics innreise til Australia har ført til krangel på høgt poliisk nivå mellom Australia og Serbia.
Etter at retten slo fast at han skulle setjast fri frå karantenehotellet, var Djokovic på Rod Laver Arena og trena. Det er der Australian Open skal spelast. Turneringa opnar komande måndag.
Djokovic jaktar sin tiande siger i denne turneringa, og sin 21. Grand Slam-tittel totalt. Det er det ingen som har greidd før.