Halvor Egner Granerud blei for andre dag på rad slått ut i hoppkvalifiseringa, og mister hopprennet i Ruka søndag.
Granerud hoppa berre 106 meter og blei nummer 58 i kvalifiseringsomgangen.
Heller ikkje laurdag greidde han kvalifiseringa. I sesongopninga sist helg blei det ein første- og ein tredjeplass på verdscupvinnaren frå førre sesong.