Graham Hansen mål i storsiger

Les hele artikkelen

Caroline Graham Hansen starta kampen mot Alaves på benken, og måtte sjå sine lagvenninner sleppe inn sesongens første ligamål i det kvarteret var spela. Men så vakna den katalanske klubben, og snudde kampen til 3–1 til pause.
Etter pausen blei Graham Hansen bytta inn, og ho brukte berre fem minutt på å finne nettmaskene. I andre omgang haldt serieleiaren leikestove med laget som låg på 5.-plass før denne runden. Barcelona gav seg ikkje før måltavla lyste 9–1.
Ingrid Syrstad Engen starta sin første kamp for Barcelona, og fekk 45 minutt på bana for sin nye klubb.
Etter fem serierundar står Barcelona med full pott, og 35–1 i målskilnad i den spanske serien.