Glimt vann 4-1: – Ein svært sterk prestasjon

Les hele artikkelen

Bodø/Glimt var klart mest effektiv og vann 4-1 i Sarpsborg fredag. Hugo Vetlesen og Amahl Pellegrino scora før pause.
Lars-Jørgen Salvesen scora sitt første etter overgangen til Glimt, før Tobias Heintz reduserte. Pellegrino scora Glimts fjerde etter ein gigatappe i Sarpsborgs forsvar like før slutt.
Pellegrino scora sitt seriemål nummer 16 og 17, og er suveren toppscorar.
Glimt klatra til andreplass på tabellen etter sin sjette strake siger.
– Vi er på veg tilbake. Denne kampen var tung for oss. Vi må i kjellaren, kanskje heilt i blindkjellaren for å hente det som skal til i dag, sa Glimt-trenar Kjetil Knutsen til Discovery.
– Dette var ein svært sterk prestasjon av oss. Dette Sarpsborg-laget er ikkje enkelt å spele mot.
Han skal leie laget sitt til den utruleg viktige meisterliga-kvalifiseringskampen mot Dinamo Zagreb i neste veke. Der gler Knutsen seg over å ha forsterka spelargruppa.
– Vi har fått sterkre konkurranse på fleire plassar. Vi kan starte med Lars-Jørgen (Salvesen), og ha Runar (Espejord) i bakhånd, seier Knutsen.