Gimle er noregsmeistrar i basketball

Les hele artikkelen

Gimle basket er noregsmeistrar i basketball. Det er klart etter at dei vann den fjerde kampen i sluttspelet fredag kveld.
Det var jamnt i dei to fyrste periodane av kampen, før Gimle drog frå og vann 82-104 over heimelaget Frøya i Frøya Arena på Melkeplassen i Bergen.
– Dette er stort. Det er så herleg å bli noregsmeister saman med alle kameratane sine, seier Jørgen Odfjell, som vart kåra til finalekampens beste spelar.
– Gullet kom hem! To år på rad. Me viser at me er best i Noreg. Nå er det ikke tvil lenger, seier Espen Fjærestad (t.h.), som er avbilda saman med Mikkel Kolstad.