Gashi ute på ubestemt tid

Les hele artikkelen

LSK-Kvinners midtbanespelar Laura Gashi er ute av spel på ubestemt tid etter at ho blei frakta av bana på båre under søndagens Toppseriekamp mot Lyn.
20-åringen hadde store smerter i ankelen, men skal ikkje ha pådrege seg noko brot. Førebels er det uvisst kor lenge Gashi er ute med skade, men klubben melder til NRK at ein får ein peikepinn på skadeomfanget når ein ser korleis ho responderer dei komande dagane.
LSK-Kvinner har slite med mange langtidsskadar på sentrale spelarar den siste tida. For snautt to veker sidan pådrog landslagsmålvakt Cecilie Fiskerstrand seg ein korsbandskade som gjer at ho er ute i lang tid.