Gyda Westvold Hansen tok ein ny klar kombinertsiger i Otepää, som ho gjorde i går. Det er hennar fjerde strake verdscupsiger.
Hansen leia klart etter hopprennet, og hadde ingen vanskar med å halde unna i det 5 km lange langrennet.
Det blei heilnorsk pall. Hansen gjekk i mål 49 sekund føre Ida Marie Hagen, som vann spurtduellen mot Marte Leinan Lund.
For Lund smakte pallplassen ekstra godt etter diskvalifikasjonen laurdag.
Dei norske var i særklasse. Ema Volavsek på fjerdeplass var 1.31 minutt bak vinnaren.