Tyske leiarar meiner faren for juks med koronatestar under OL er like overhengande som det tidlegare har vore med dopingprøver. – Det er ikkje mogeleg, seier OL-leiinga.
President Michael Hölz i det tyske snøbrettforbundet seier ifølgje Insidethegames at han fryktar ulike forhold for utøvarane i Kina.
– Det er relativt enkelt med covid-19-testing: Nokon kan alltid etterpå si «beklagar, det var ei falsk positiv».
Hölz har bakgrunn frå arbeid i det tyske antidopingbyrået, og han meiner det er grunn til å samanlikne systemet for dopingprøver med koronatestar.
– Vi veit korleis temaet doping er blitt behandla i «slike land», seier Hölz.
Kina avviser at det er grunn til å frykte uregelmessigheiter i testsystemet under vintervekene.
– Våre testlaboratorium er drivne av profesjonelle helsearbeidarar som har fått omfattande trening i forkant av leikane. Vi vil sørgje for at det ikkje er rom for feil, seier Huang Chun i den kinesiske OL-komiteen.