Mercedes-sjef Toto Wolff er redd for at Lewis Hamilton kan kome til å avslutte karrieren etter vonbrotet sist helg, då han tapte VM-tittelen i siste runde i eit mildt sagt kaotisk avslutningsløp med kontroversielle avgjerder.
– Eg håpar sterkt at han held fram, fordi han er den største (formel 1)-føraren i historia, sa Wolff.
– Han er ein mann med klare verdiar.
– Eg håpar at han og resten av laget kan jobbe seg gjennom dette. Men vi vil aldri klare å gløyme smerten som vi blei utsette for søndag, sa Wolff, som sjølv kalla seg «desillusjonert» etter det som hende.
Hamilton har kontrakt med Mercedes ein sesong til.