Fred synest det er rart å ha ein mellombels manager i Manchester United ut sesongen. Midtbanespelaren saknar ein langtidsplan for klubben.
Spekulasjonane om kven som blir permanent United-sjef etter Ole Gunnar Solskjærs sparking i november, går føre seg for fullt. I mellomtida leier Ralf Rangnick laget fram til sommaren.
– Det er litt rart, erkjenner Fred overfor TNT Sports om managersituasjonen i United.
– Eg veit at det i fotball er viktig å få gode resultat så fort som mogleg, men det er òg viktig å ha ein langtidsplan. . Akkurat no handlar alt om kortsiktige mål. Vi veit ikkje korleis det blir etter sesongen, seier Fred.
Utsegnene kjem i forkant av Uniteds møte med Atlético Madrid i åttedelsfinalen i Meisterligaen.
– Eg veit at vi ikkje spelar vår beste fotball, men vi har mange kvalitetsnamn i stallen. Det er òg mange andre lag som heller ikkje spelar på sitt beste. Det vil ikkje vere galskap om vi vinn. Det kan skje, men vi må jobbe sokkane av oss.