Fransk eks-storklubb til nivå 3

Les hele artikkelen

Den franske fotballklubben Bordeaux er flytta ned ytterlegare ein divisjon på grunn av økonomiske uregelmessigheiter, og må neste sesong spele på nivå tre.
Bordeaux, som har norske Stian Gregersen i stallen, enda sist i Ligue 1 førre sesong og rykka dermed ned.
No har lisensorganet DNCG konkludert med at Bordeaux ikkje oppfyller krava for spel på nivå to, og klubben blir dermed flytta ned til National 1, som er nivå tre i fransk fotball.
Klubben melder på sin nettstad at han ankar avgjerda, som blir kalla «brutal».
Girondins de Bordeaux er seks gonger fransk seriemeister, sist i 2009.
Klubben blei tvangsnedflytta frå Ligue 1 i 1991 på grunn av store gjeldsproblem, men rykka rett opp igjen og har spelt på øvste nivå sidan.
I fjor blei forretningsmannen Gerard Lopez ny eigar av klubben, men han har ikkje greidd å få skikk på økonomien.