Etter ein gullkanta karriere måtte Marit Malm Frafjord (36) takke av med stortap i meisterligaen. Metz slo Esbjerg 32–26 i kampen om tredjeplassen.
Metz leidde 18–12 ved pause og gav ikkje frå seg føringa i andreomgangen.
Esbjerg, med seks norske spelarar, tapte semifinalen mot Györ laurdag. Allereie etter den kampen hadde Frafjord problem med å kontrollere kjenslene.
Henny Ella Reistad blei den store offensive spelaren i trøystefinalen i Budapest, men det redda ikkje Esbjerg.
Frafjord fekk ein karriere som seniorspelar på 20 sesongar. For landslaget er ho blant dei mestvinnande: to OL-gull (2008 og 2012), eitt verdsmeisterskap (2011) og fem EM-titlar (2006, 2008, 2010, 2016 og 2020).
Frafjord sikra medalje i alle meisterskap (13) ho deltok i som senior. Ho har ikkje planar om å halde fram innan handballen som trenar eller leiar.
– Eg gler meg til nokre frihelger, sa ho til NTB før finalehelga i Ungarn.
Ho la opphavleg opp i mai 2018, men noka månader seinare trakket Frafjord ja til å spele for Esbjerg.