Forsvararen: – Blatter må frifinnast

Les hele artikkelen

Sepp Blatters forsvarsadvokat la ned påstand om frifinning av den svindelsikta-fotballtoppen.
Tidlegare Fifa-president Blatter og tidlegare Uefa-president Michel Platini er tiltalt i rettssaka i Bellinzona, Sveits. Aktoratet har bedt om 20 månaders fengsel på vilkår for begge.
Sentralt i saka er ei utbetaling av 2 millioner sveitserfranc frå Blatter til Platini i 2011.
Blatters forsvarer, advokat Lorenz Erni, kom med sin sluttprosedyre fredag, og han la ned påstand om frifinning for sin klient.
Erni påpeikte at Blatter og Platini allereie har fått sanksjonar av idrettsorgan. Han hevda at den nemnde betalinga var for konsulentarbeid, og at det ikkje var nokon annan grunn til at Blatter skulle ha utbetalt summen til Platini.
Dom i saka er venta 8. juli.