Første målvakt i Hall of Fame

Les hele artikkelen

Den danske keeperlegenda Peter Schmeichel blir innlemma i Premier Leagues «Hall of Fame». Han er ein av seks nye medlemmer.
I tillegg får Sergio Agüero, Didier Drogba, Vincent Kompany, Paul Scholes og Ian Wright plass. Schmeichel vann ligaen fem gonger med Manchester United.
– Eg er veldig æra over å bli innlemma, seier han ifølgje Ritzau.
Han spelte både for Manchester United, Manchester City og Aston Villa i løpet av sin karriere i Premier League. Han stoppa på 310 kampar.
– Dei var alle verdsklassespelarar som underheldt fans over heile verda, og var medverkande i å definere ulike æraer av Premier League, seier direktør Richard Masters.