Formell EM-søknad er send

Les hele artikkelen

Dei nordiske fotballforbunda har sendt den formelle søknad om å få arrangere EM for kvinner i 2025. Det er Norge, Danmark, Finland og Sverige som har søkt, med støtte frå Island og Færøyane.
Samarbeidet om den felles søknaden har pågått i fire år.
Dei nordiske forbunda arbeider vidare med planene utover året. EM-finalen skal spelast på Friends Arena i Stockholm der det er plass til 50.000 tilskodarar, melder det svenske fotballforbundet.
UEFA skal velje 2025-arrangør i desember i år.
Norden kjem venteleg til å få konkurranse frå Polen, Sveits og Frankrike, kanskje også Ukraina, melder nyhetsbyrået Reuters.