Danske Kevin Magnussen, som tok ein sensasjonell pole position under kvalifiseringa fredag, køyrde inn til åttandeplass og eitt poeng på Formel 1-sprintenpå Interlagos-bana i Sao Paulo i Brasil laurdag kveld.
Magnussen starta dermed fremst i løpet, og heldt leiinga i to rundar. Så seig han som venta bakover i feltet etter kvart. Målsetjinga hans var topp åtte og poengplass, og det greidde dansken akkurat.
Mercedes’ George Russell vann løpet, framfor Carlos Sainz og Lewis Hamilton. Russel og verdsmeister Max Verstappen konkurrerte lenge om sigeren, men Verstappen måtte sleppe etter 15 av dei 24 rundane, og fall ned til fjerdeplass.
Rekkefølgja på sprinten gir også startpoisjonen for hovudløpet søndag.
Formel 1-sesongen blir avslutta i Abu Dhabi neste helg.
Formel 1-poeng til Magnussen