Daniel-André Tande og Johann Forfang er ikkje tatt ut til helgens verdscuprenn i Tyskland. Begge ventar på negativ koronatest.
Noregs Skiforbund skriv i ei pressemelding at Forfang og Tande blir heime for å «vere under Olympiatoppens testregime».
– Forfang og Tande er i prosessen for å teste seg ut av covid-19. Verdiane som trengst for å komme seg til OL er ikkje helt oppnådd, men det er stor sannsyn for at de kjem seg til Kina i tide. Derfor vel de å køyre testregime her i Noreg i regi av Olympiatoppen, seier landslagstrenar Alexander Stöckl.