– For dårleg langrennsprogram

Les hele artikkelen

Også i år er det berre eitt distanseløp i langrenns-VM for U23-løparar. Det reagerer trenar Kristian Skrødal kraftig på før premieren på torsdag på Lygna.
For andre sesong på rad består U23-VM av berre tre renn. Torsdag blir det klassisk distanse, medan det er sprint i fri teknikk laurdag og mixedstafetter søndag.
– Det provoserer meg. Det er hårreisande at det ikkje står eit skøyterenn på programmet når det først skal vere eit U23-VM. Slik det er no, er rennprogrammet latterleg. Heilt komisk, seier Skrødal til Adresseavisen.
– Med felles meisterskap for junior og U23 er det eit tøft program for arrangørane. Men programmet er sjølvsagt mogleg å endre, og vi er opne for å gjere endringar i framtida, seier assisterande renndirektør Michal Lamplot i Det internasjonale skiforbundet (FIS) til Adressa.