Den spanske fotballklubben Valencia sparka måndag klubbpresident Anil Murthy som følge av ein lekka samtale som stilte klubbleiinga i eit dårleg lys.
Klubben stadfestar dette på sine eigne nettsider.
Avisa Superdeporte publiserte for to veker sidan eit lydopptak frå ein privat middag klubbpresidenten og fleire forretningsmenn skal ha hatt i april.
I lydklippet spøkar Murthy mellom annan med at han kjem til å drepe spelaren Carlos Soler dersom han forlèt klubben utan at det genererer ein overgangssum. I etterkant av at samtalen vart kjent hevda Valencia-leiinga at utsegnene var redigerte og tatt ut av sin kontekst.
Måndag vart likevel Murthy fjerna som klubbpresident. I meldinga frå klubben står det;
«Styret vil gjerne presisere at innhaldet i dei lekka samtalane mellom Anil Murthy og ulike tredjepartar er Anil Murthys personlege synspunkt og ikkje tilhøyrer Valencia CF»
«Styret er av den oppfatning at ein endring i leiinga er nødvendig for å vinne att tilliten til fansen og samfunnet, og å sette Valencia CF i ein posisjon for suksess», står det vidare.
Valencia-fansen har retta hard kritikk mot Murthy og klubbeigar Peter Lim i lengre tid. Dei hevdar toppleiarane har behandla klubben berre som ei bedrift.