Fransk etterretning skal ha åtvara om at 50.000 britar utan billett ville strøyme til Paris i samband med meisterligafinalen laurdag, skriv AFP.
Etterretningsinformasjon gjeven att av det franske nyheitsbyrået AFP tysdag viser at politiet vart åtvara om at opptil 50.000 engelske fans utan billettar ville komme til den franske hovudstaden.
– Nokre av dei vil ha falske billettar og prøve å bruke dei til å komme inn på stadion, heiter det i eit notat frå organisasjonen som kjempar mot fotballvald i Frankrike.
Notatet, basert på informasjon frå fransk etterretning, åtvarar også mot at andre vil prøve å lure seg inn på Stade de France utkledde som Uefa-representantar, vaskepersonell eller som medisinsk personell.
Omkring 2700 supporterar med billett fekk aldri sett kampen i Frankrike.