Filip Ingebrigtsens første start sidan Bislett Games

Les hele artikkelen

Filip Ingebrigtsen (29) er påmeld til 3000 meter i eit internasjonalt friidrettsstemne i Zagreb søndag.
Det blir Filip Ingebrigtsens første baneløp sidan Bislett Games i juni. Då stilte han på 5000 meter, men braut undervegs og kom aldri til mål.
Skader gjorde at Filip Ingebrigtsen verken stilte i VM i Eugene eller EM i München.
Ingebrigtsen er skadefri igjen, og med det er forma naturleg nok blitt betre. Ferdinand Kvan Edman er også påmeld på same distanse melder, friidrett1 på Twitter.
Til saman er det ni nordmenn som skal konkurrere i Zagreb, blant dei Line Kloster på 200 meter og Hedda Hynne på 800 meter.
Zagreb-stemnet er ein del av friidrettens kontinentaltour.