FIFA involverer IOC om VM

Les hele artikkelen

FIFA-president Gianni Infantino skal involvere IOC-leinga i arbeidet med framtidig fotballkalender, der det mellom anna blir foreslått VM for menn annakvart år.
IOC har hittil stilt seg svært avvisande, og ønskjer ikkje fotball-VM på same tid som OL i Los Angeles i 2028.
IOC seier dei ikkje er informert om dette, og det blei uttrykt sterk bekymring på IOC-sttyremøtet som blei avslutta laurdag.
Presidentane for dei internasjonale forbunda for friidrett, symjing og turn uttrykte sterk uro for FIFAs planer, og fekk støtte av fleire IOC-medlemmer, melder insidethegames.biz.
Tidlegare har fleire internasjonale idrettsorganisasjonar sterkt kritisert planene. Fotballforbunda i Europa og Sør-Amerika har gått så langt som å true med boikott om det blir VM-annakvart år.