«Fetter Braut» med tre mål mot Sogndal

Les hele artikkelen

Jonatan Braut Brunes, fetter til meir kjende Erling Braut Haaland, laga hattrick i Starts 5-1-siger over Sogndal i 1. divisjon søndag.
Sigeren sende Start opp til andreplass, seks poeng bak suverene Mjøndalen, som slo KFUM 2-0.
Bryne tok sine første poeng med 2-1 over Åsane søndag, og klatra opp på trygg plass: Ranheim slo Stjørdals-Blink 1-0 borte. Kongsvinger vann 4-1 over Raufoss, og dei tre siste kampane i runden går måndag.