Femteplass og ny pers for Ragne Wiklund

Ragne Wiklund fekk det vanskeleg på slutten av sin 5000-meter og blei nummer fem, same plassering som på 3000. Wiklund kom i mål på 6.56,34, som er forbetring av hennar personlege rekord med 12 hundredelar.
– Eg har ikkje dødd så hardt på år og dag. Dei første rundane kjem billeg, men eg kjem ikkje inn i den flyten der eg går bra med makkeren, sa ho til Discovery etter løpet.
– All kred til Ragne for det løpet. Vi kan ikkje krevje at ho skal halde det same nivået som dei beste. Men ho satsa, og det er rett måte å gjere det på, sa NRKs ekspertkommentator Mikael Flygind Larsen.
– Rundetidene gjekk litt mykje opp på slutten.. Det er jo eit godt forsøk og personleg rekord. Ho kjempa veldig bra, sa landslagstrenar Bjarne Rykkje til NRK.
– Ho berre prøvde og følge Weideman lenge. Eg må sei det eigentleg var som vi ønska, men det blei litt tungt på slutten, la Rykkje til.
Ho tapte klart samløpet mot canadiske Isabel Weidemann, som kom inn på 6.48,18 og tok sølvet.
Det blei nederlandsk gull ved Irene Schouten, med tida 6.43,51. Dermed tok ho også livet av den 20 år gamle olympiske rekorden til Claudia Pechstein.
Veteranen Martina Sablikova gjekk inn til bronse med 6.50,09 og tok medalje i sitt fjerde OL på rad. Italienske Francesca Lollobrigida slo Wiklund så vidt og tok fjerdeplassen.