Samanlagtvinnaren av den tysk-austerrikske hoppveka får ein fem gonger større premiesjekk enn Kamil Stoch fekk for triumfen sin førre sesong.
Det melder nyheitsbyrået DPA, som skriv at utbetalinga til samanlagtvinnaren er auka frå 20.000 til 100.000 sveitserfranc.
I norske kroner er det 970.000 kroner til 2022-vinnaren etter dagens kurs.
– Det er fantastisk at vi går inn i ein ny dimensjon for premiepengar i den 70. utgåva av turneringa, og at vi kan påskjønne vinnaren for den fantastiske prestasjonen mykje betre enn før, seier hoppvekepresident Peter Kruijer.
Dei totale premiepengane i hoppveka i 2021/22 vil vere på 3,88 millionar kroner. Ein samanlagtvinnar som også vinn alle renna, kan dra inn over halvannan million kroner.
Hoppturneringa i Tyskland og Austerrike startar i Oberstdorf 29 desember og flyttar seg så til Garmisch-Partenkirchen og Innsbruck før avslutninga i Bischofshofen 6. januar.