Fem av fem for Westvold Hansen

Les hele artikkelen

Gyda Westvold Hansen vann også søndag Sommer Grand Prix i kombinert. 19-åringen har i sesongoppkøyringa vore best i alle renn.
Alt laurdag var ho sikra Sommer GP-tittelen samanlagt, men det dempa ikkje lysta på å ta femte siger av fem mogelege. Den kom i dag i austerrikske Villach.
Westvold Hansen var best i både hoppbakken og på rulleski. Ho hoppa 96,5 meter og starta 5-kilometeren to sekund føre Annika Sieff fra Italia. I mål hadde avstanden blitt til 22,4 sekund.
19-åringen blei i februar den første kvinnelege verdsmeisteren i kombinert.
På herresida blei Jens Lurås Oftebro best av dei norske søndag. Der gjekk han inn til fjerdeplassen.