Roger Federer (41) avsluttar til helga ei lang proffkarriere med tennisspel i Laver Cup i London. Han håper å få Rafael Nadal som lagkamerat i sitt siste toppoppgjer.
Det fortel veteranen til det sveitsiske nyheitsbyrået SDA. Federers avskjedskamp går i double og skal spelast fredag kveld. Makkeren er ikkje klar, men han har eit klart ønske om kven det bør vere.
– Kanskje kan eg spele double med Rafa. Det ville vore ein kjempedraum, seier han.
Federer og Nadal har vore vener og rivalar gjennom svært mange år. Til saman står dei med 42 singletitlar i Grand Slam-samanheng. Nadal toppar lista med to triumfar meir enn Federer.
Nyleg delte Federer nyheita om at han legg opp som toppspelar. Han set strek etter å ha vore mykje skadeplaga dei siste sesongane. Sveitsaren debuterte på ATP-touren så langt tilbake som i 1998.
Laver Cup er ein lagkonkurranse der Europa møter «resten av verda». Casper Ruud deltek på Europa-laget.