Roger Federer har vore ute av spel sidan 7. juli med ein kneskade som kravde ein operasjon i sommar. No trur sveitsaren at han først er tilbake i sommar.
– Eg trur eg kjem tilbake i konkurranse sommaren 2022, seier Federer til den sveitsiske avisa Le Matin.
Han legg til at han vil vere «ekstremt overraska» om han kan delta i Wimbledon i slutten av juni.
40-åringen sleit òg med kneet i 2020, då han måtte gjennom to andre kneoperasjonar. Likevel har ikkje Federer gitt opp håpet.
– Livet mitt vil ikkje falle saman om eg ikkje spelar i ein Grand Slam-finale igjen, men det hadde vore den ultimate draumen, seier Federer.