Favoritt skuffa – to nordmenn på topp tre

Les hele artikkelen

Fleire av favorittane har skuffa, som Marco Odermatt, som stod med siger i alle dei tre siste storslalåmrenna i verdscupen.
Odermatt er etter 1. omgang 90 hundredelar bak leiande sveitsiske Loïc Meillard i austerriske Schladming.
Både Alexander Steen Olsen og Henrik Kristoffersen (biletet) er derimot med i sigerskampen før 2. omgang.
Dei er høvesvis 11 og 24 hundredelar bak Meillard.
– Eg var nok litt heit på grauten ut av det siste henget. Då får eg det litt i sekken og bremsar litt. Bortsett frå det er det veldig bra. Rett over to tidelar er jo nesten ingenting. Eg er veldig glad, seier Kristoffersen til NRK.
Han varslar samtidig at han må trøkke litt meir til i 2. omgang.
Atle Lie McGrath og Timon Haugan ligg på høvesvis sjuande- og åttandeplass.
Lucas Pinheiro Braathen fekk ikkje heilklaff og la seg inn på 17. plass.