FIFA har gitt Brasil og Argentina seks dagar på å kome med sine forklaringar om landskampen som blei avbroten av helsestyresmaktene på grunn av brot på korona-restriksjonane.
Det melder Argentinas fotballforbund.
FIFA har innleia etterforsking, og stadfester at dei har fått rapport både frå kampinspektøren og dommaren.
Også politiet i Brasil stadfestar at dei har sett i gang formell etterforsking av det argentinske laget, og avhøyrde dei aktuelle spelarane før dei blei sende ut av landet.
Politiet seier spelarane gav falsk informasjon ved innreisa til Brasil, og skal finne ut om det er straffbart.
Årsaka til bråket var at tre av Argentinas spelarar, som spelar i Premier League, kom til Brasil utan å ha site i karantene, slik reglane krev for personar som har vore i England i løpet av dei siste to vekene.
Imngen av dei tre skal spele Argentinas kamp mot Bolivia torsdag.
Trioen må også ha karantene før dei får kome tilbake til klubbane sine også. Aston Villas Miliano Martinez skal til Kroatia for å sone sine to vekers karantene der.
Tottenhams Cristian Romero og Giovani Lo Celso kan vente seg bøter, fordi dei reiste utan løyve frå klubben, melder nettstaden football.london.