Everton i trøbbel etter to raude

Les hele artikkelen

Everton såg lenge ut til å berge seg ut av nedrykksstriden i Premier League. Men med to raude kort tapte dei 2-3 for Brentford, og er framleis i fare.
Dominic Calvert-Lewin gav heimelaget 1-0, og Everton dominerte, før Jarrad Braintwaithe blei utvist etter 18 minutt.
Seamus Coleman laga sjølvmål, men Richarlison gav Everton 2-1 på straffe like før pause.
Etter pause dominerte Brentford, og Youane Wissa og Rico Henry snudde kampen med to raske mål.
I Evertons offensiv for utlikning i sluttminutta blei Salomon Rondon også utvist, og heimelaget måtte avslutte med ni mann.
Men Everton, som har spela på øvste nivå i England sidan 1954, har likevel lagnaden sin i eigne hender. Ettersom Burnley tapte og Leeds spela uavgjort, vil Everton vere sikre med ein siger til. Dei møter Crystal Palace onsdag og Arsenal søndag.