Europacupsiger for Olsen

Kjelsås-alpinisten Alexander Steen Olsen (20) køyrde inn til slalåmsiger i europacupen i Obereggen onsdag.
Nordmannen låg på 2.-plass etter 1. omgang, men vann relativt komfortabelt i dei italienske alpane. Ned til toar Anton Tremmel frå Tyskland skilde det 55 hundredels sekund.
Albert Popov (Bulgaria) og Victor Muffat-Jeandet (Frankrike) blei fråkøyrde med ytterlegare 28 hundredelar og delte 3.-plassen.
Franskmannen Theo Letitre leidde etter første omgang, men feila i finalen og enda på 5.-plassen.