Europa vann Solheim Cup

Les hele artikkelen

Det europeiske laget vann Solheim Cup for andre gongen på rad. Natt til tysdag norsk tid vart sigeren sikra med 15–13 over USA.
– Eg er så stolt av dette laget. Eg er ikkje den som speler, så all ære går til dei. Det er dei som har vunne dette. Dei fortener all æra. De fekk meg til å sjå bra ut, sa lagkaptein Catriona Matthew spøkefullt etter triumfen.
Med sigeren vart ho den første europeiske kapteinen til å vinne turneringa to gonger og dermed forsvare Solheim Cup-trofeet.
Grunnlaget vart lagt laurdag for det europeiske laget, då dei knuste USA 3,5-0,5. Same dag spelte dei òg 2-2, før USA vann 3–1 i den første bataljen på søndag. Europa vann 2,5-1,5 i den andre, og dermed var stillinga 9–7 til Europa før den siste dagen.
Måndag vart stillinga 6-6, som gjorde at Europa totalt vann 15–13. Det var ein birdie frå danske Emily Pedersen på det siste holet i kamp mot Danielle Kang som sikra sigeren for Europa.
Også i 2019 vann Europa, då 14,5-13,5. Då senka Suzann «Tutta» Pettersen den avgjerande putten på den siste dagen.
Ingen norske spelarar var med på Europa-laget.