ESPN: Juleprogrammet kan bli utsett

Sporrtskanalen ESPN melder at stadig fleire klubbar i Premier League no jobbar for å få dei neste serierundane utsett. Det vil å så fall føre til at det omfattande og tradisjonelle juleprogrammet ikkje blir noko av.
PL-leiinga held enn så lenge på å utsetje kampar enkeltvis etter kvart som koronatilfella gjer det nødvendig.
Men smitten er no så omfattande at mange kampar allereie er utsette, og klubbane vil ha kraftigare tiltak.
Forslaget somn skal ha vore lufta for ligaleiinga er å utsette alle kampane frå komande helg og til og med kampane rundt nyttårshelga.
Håpet er å kunne starte opp igjen med FA-cupen 8. og 9. januar, og Premier League 15.-16. januar.