No må skøyteløpar vere 17 år for å konkurrere på det høgaste nivået i all internasjonal konkurranse i kunstløp. Det melder AFP.
Den regelendringa kjem etter at forslaget blei stemd over på Kongressen i Phuket, Thailand tysdag. 71 var for forslaget, 31 var mot og 13 var nøytral.
Sjølve regelendringa er gjeldande frå sesongen 2023-24.
Det norske skøyteforbundet var dei som leverte forslaget til Det internasjonale forbundet (ISU) tilbake i 2019, men blitt utsett på grunn av koronapandemien. Det gjorde dei med omsyn for å beskytte utøvarar sin fysiske og mentale helse.
– Det kan ikkje vere slik. Det er på veg til å øydelegge sporten vår. Vi har utøvarar som er døgnfluger. Regelverket har ikkje lagt til rette for ein lang karriere, sa internasjonal dommar og ekspert Lise Røsto Jensen til NRK i februar.
I år gjekk også det Internasjonale forbundet ut og fremja forslaget.
Regelendringa kjem også etter at 15 år gamle Kamila Valjeva blei involvert i ein dopingskandale i OL i år.