Galatasaray skriv i ein pressemelding at klubben har terminert kontrakten med Omar Elabdellaoui. Han har vore i klubben sidan 2020.
No snakkar hovudpersonen ut om situasjonen.
– Min kjære Galatasaray-familie: I staden for å tru på nyheitene i media, vil eg heller at de skal høyre sanninga frå meg, innleiar Elabdellaoui innlegget på sin Instagram-profil.
Han meiner han blei tvungen til å forlate klubben.
– I sesongoppkøyringa fekk eg vite av manageren min, at nokre lag ville ha meg.
Det fekk Elabdellaoui til å ta ein prat med trenaren sin, som fortalde at han ville satse på han.
– Då sa eg til manageren at eg ville vere her og hjelpe laget. Men berre nokre dagar sidan, fekk eg beskjed om at klubben ville at eg skulle finne meg eit nytt lag.
Han held fram:
– Det var ein stor overrasking, men om laget ville det slik, så skulle eg seie at eg kunne gjere det, sjølv om det var lite tid igjen. Likevel fekk eg beskjed at eg skulle halde fram, og sidan den gong har eg ikkje høyrt noko frå klubben eller manager om å finne eit lag.
I februar i år fekk Elabdellaoui comebacket for klubben etter å ha vore ute i 14 månadar på grunn av ein omfattande augeskade. Det skjedde etter ei fyrverkeriulukke på nyttårsaftan 2020.