Den tyske keeperen Loris Karius er klar for Premier League-klubben Newcastle. Han var kontraktslaus og kjem gratis.
Karius var under kontrakt med Liverpool fram til i sommar. Då blei avtalen terminert. Sidan har han vore på jakt etter ny arbeidsgivar.
Uheldige Karius blir kanskje best hugsa for sine to store tabbar då Liverpool tapte meisterligafinalen for Real Madrid i 2018.
Newcastle har vore på jakt etter ny sisteskanse etter at målvaktsreserven Karl Darlow blei ankelskadd på trening for ei tid tilbake. Darlow er likevel ikkje venta å vere ute i veldig lang tid.
Han har signert ein avtale som strekkjer seg fram til 1. januar, med opsjon på å forlenge denne ut inneverande sesong.