Den tidlegare langrennsløparen Einar Østby frå Kongsvinger er død, 86 år gammal, melder Østlendingen.
Østby var ein av dei beste norske langrennsløparane tidleg på 60-talet. Han gjekk tredje etappe på stafettlaget som tok OL-sølv i 1960, og veksla med ei leiing på 20 sekund framfor Finland. Norge tapte til slutt gullet med åtte tidels sekund.
Østby tok bronsen på 15 km i VM i Zakpane to år seinare, og deltok også i OL i 1964.