Edouard gav Palace siger

Les hele artikkelen

Odsonne Edouards scoring sju minutt før pause gav Crystal Palace 1-0 over Southampton, som dermed framleis er nær nedrykkstreken i Premier League.
Men det kunne ha sett annleis ut dersom Southampton hadde sett nokon av dei store sjansane dei spela seg til i andre omgang. Det greidde dei ikkje.
Under den streken held framleis Wolverhampton seg, etter 1-1 i bortekampen mot Brentford.
Heimelagets Ben Mee sette inn det første målet fem inutt etter pause, men Ruben Neves utlikna berre eit par minutt seinare.
Dermed er Wolverhampton eitt poeng over Leeds og Nottingham i tabellbotnen.