Ecuadors VM-plass i fare

Les hele artikkelen

Ecuadors plass i fotball-VM kan vere i fare, berre ti veker før sluttspelet blir sparka i gang. Fifa skal denne veka igjen sjå på Chiles skuldingar om juks.
Chiles fotballforbund har lenge hevda at Byron Castillo, som spelte for Ecuador i VM-kvalifiseringskampane mellom landa, er colombianar og ikkje har rett til å representere Ecuador.
Chile vart berre nummer sju i den søramerikanske VM-kvalifiseringa, tre plassar bak Ecuador og to frå omspelsplass. Dersom motstandarane blir tilkjende siger i kampar Castillo har spelt, vil Chile likevel sprette opp til fjerdeplass og vere VM-klar.
Fifa har tidlegare avvist klaga frå Chile, men i lys av nye bevis vil dei torsdag sjå på saka igjen. Denne gongen krevst det også at Castillo sjølv møter og forklarer seg.
Ifølgje The Athletic har Chiles fotballforbund kome over nye bevis for at Castillo er colombianar med forfalska ecuadorianske identitetspapir. Eit lydopptak av ein fire år gammal samtale mellom Castillo og ein representant for Ecuadors fotballforbund indikerer at forbundet kjende til at han ikkje hadde rett til å representere Ecuador.
Ecuador skal etter trekninga møte arrangørlandet Qatar på opningsdagen 20. november.