Eckhoff mister ny samling

Les hele artikkelen

Skiskyttaren Tiril Eckhoff er ikkje med når landslaget reiser på treningsleir til Oberhof. Ho var motivert, men trenarteamet sette ned foten, skriv TV 2.
Eckhoff gjekk på ein smell etter førre sesong. I sommar måtte ho dra i naudbremsa etter at kroppen gav tydelege signal om at han trong kvile.
Ho har ikkje fått deltatt på samlingar i forsesongen, og mister også Tyskland-turen, fortel ho. Ho kjente på motivasjon til å vere med, men i samråd med støtteapparatet blir ho heime.
– Trenarteamet og støtteapparatet har kome fram til at det ikkje er det smartaste for meg. Så det er litt kjedeleg ikkje å komme tilbake til laget. Men eg skal berre ha endå betre fokus på jobben her heime, seier Eckhoff til kanalen.
Sist veke sa landslagstrenar Patrick Oberegger at dei gjerne ville ha med Eckhoff, men at det kunne hende ho trong meir kvile.
Tarjei Bø står også over samlinga etter nyleg å ha blitt far etter ein krevjande fødsel.