Toppspelarane har falle av éin etter éin i grasturneringa pÃ¥ Queen’s Club i London. Matteo Berrettini og Marin Cilic er dei einaste seeda spelarane igjen.
Casper Ruud rauk ut mot Ryan Peniston som førsteseeda i turneringa. Gras er ikkje hans favorittunderlag. Nordmannen sleit tidvis stort mot Peniston etter suksessen på grusen i Roland-Garros, som enda med finaletap for Rafael Nadal.
Denis Shapovalov var seeda som nummer seks i turneringa, men rauk mot Tommy Paul onsdag.
2.-seede Matteo Berrettini må tole favorittstempelet for resten av turneringa. Tre av hans seks ATP-titlar har kome på gras.
ATP500-turneringa i London brukast som oppkøyring til sesongens tredje Grand Slam-turnering Wimbledon i slutten av månaden.