Dro ned shorts på motstandar

Les hele artikkelen

I oppgjeret mellom Crystal Palace og Bournemouth blei det så høg temperatur at Justin Kluivert valde å dra av shortsen til Ismaïla Sarr.
Situasjon hende like etter pause då Palace lagde eit frispark. Sarr valde å stille seg framfor Kluivert for å hindre han i å sette i gang raskt.
Medan Palace-spelaren stod framfor Kluivert tok nederlendaren tak i shortsen til Sarr og drog han ned på knea.
Sarr stod der dermed i berre undertøyet. Og hadde ikkje nemneverdig hastverk med å dra dei opp igjen, og valde heller å signalisere til dommaren kva som hadde hendt. Kluivert og Sarr begynte deretter å dytte på kvarandre.
Hovuddommar Samuel Barrott valde å gi båe spelarane gult kort for situasjonen.
Kampen enda 0–0.