Double-tap for Eikeri

Les hele artikkelen

Ulrikke Eikeri og makkeren Danka Kovinic rauk 1-2 for franske Elixane Lechemia og amerikanske Ingrid Neel i double i WTA 250-turneringa i Adelaide.
Eikeri/Kovinic fekk ein flott start på kampen. Dei braut direkte serven til motstandaren i det første settet i kvartfinalen. Dei gjekk opp til 3-0 med eitt nytt servebrot, og det første settet vart vunne relativt greitt med 6-2.
Det andre settet vart jamnare, men motstandarane hadde fått flyten og vann settet med 6-4 etter eit seint servebrot.
I det avgjerande tie-break-settet enda det med knusande 4-10.