Neste års VM-kalender i Formel 1 vil innehalde seks sprintløp. Det er tre fleire enn i 2022.
I 2021-sesongen blei det halde sprintløp på Silverstone, Monza og Interlagos-banen. Inneverande sesong blei Imola, Red Bull Ring og Interlagos valt som arrangørar.
– Sprintløp gir ein spennande dynamikk til løpshelgformatet, og har vist seg å vere populært dei siste to sesongane, seier presidenten i Det internasjonale bilsportsforbundet (FIA), Mohammed Ben Sulayem.
Formel 1-sjef Stefano Domenicali seier auken som no er vedtatt, vil gi sporten ein heilt ny dimensjon.
I helger med sprintløp blir kvalifiseringa flytta til fredag. Samtidig blir resultatlista frå laurdagens køyring avgjerande for startrekkefølgja i hovudløpet 24 timar seinare.
Denne sesongen har i tillegg poengea under sprintløypa økt. Vinnaren har fått åtte, mens nummer to og tre får med sju og seks.