Dobbelt norsk på pallen

Les hele artikkelen

Thea Stjernesund hadde verkeleg dagen i verdenscupen i parallellslalåm. Ho vann samtlege heat, men måtte sjå seg slått av slovenske Andreja Slokar i siste løp for kvelden.
Og ikkje nok med det, fulgte lagvenninne Kristin Lysdahl opp med å ta den siste pallplassen.
– Det har vore ein formidabel norsk dag, ein heilt vill norsk dag, seier NRK sin ekspert Thomas Lerdahl.
Marte Monsen enda på sjetteplass, etter å måtte sjå seg slått av lagvenninne Stjernesund i kvartfinalen.
– Eg gler meg til å sjå dei i OL, og håpar dei tek med seg sjølvtilliten inn i neste renn, seier Nina Haver-Løseth.