Novak Djokovic vedgår at det var ei feilvurdering å stille opp til intervju med sportsmagasinet L’Equipe like etter at han visste at han hadde testa positivt for covid-19.
I ei melding på sin instagram-konto forklarar han at han testa negativt på to hurtigtestar i midten av desember. Han tok også ein PCR-test, som han ikkje hadde fått svar på då han stilte opp i ei samling for unge spelarar i Beograd.
PCR-testen viste seg etterpå å vere positiv. Det visste han då han stilte til intervjuet.
– Det var ei feilvurdering. Eg skulle ha flytta intervjuet til eit anna tidspunkt, skriv Djokovic.
Serbaren er ikkje vaksinert, og blei derfor stansa på flyplassen då han i førre veke kom til Australia for å spele i Australian Open. Han sat i karantene fram til måndag, då retten fann at han likevel skulle få kome inn i landet.
Likevel kan regjeringa bestemme seg for å sende han ut igjen.
Djokovic er rangert som nummer 1 i verda og i Australian Open. Kampoppsettet for første runde skal vere klart torsdag, og dei første kampane blir spela måndag.