Djokovic tok nytt steg mot rekord

Les hele artikkelen

Novak Djokovic tok eit nytt steg mot tennisrekorden med siger 1-6, 6-3, 6-2, 6-2 over Jenson Brooksby. Men i kvartfinalen kan han få det mykje tøffare.
Der møter han italienske Marco Berrettini, sjetterangert i turneringa, kjend som «The Hammer of Tennis» pÃ¥ grunn av sin harde serve.
Dei to møttest også i finalen i Wimbledon i sommar, og også i kvartfinalen i Roland Garros i Paris. Begge gongane vann Djokovic.
Serbaren er på jakt etter sin 21. Grand Slam-triumf. Greier han det, slår han Roger Federers rekord på 20.
I så fall blir han også den første mannlege tennisspelaren sidan Rod Laver i 1969 som vinn alle fire Grand Slam-titlane i eitt og same kalendarår.