Sam Welsford var først over mål på 1. etappe i sykkelrittet 4 Jours de Dunkerque, men australiaren blei fråteken sigeren fordi han var årsak til ein massevelt.
Få meter før mål endra han linje og lente seg mot Arnaud De Lie, som kom i vegen for Dan McLay slik at begge velta. Det førte til at ein rekke andre ryttarar gjekk i bakken bak dei.
Nederlendaren Arvid de Kleijn frå HPH-laget blei utropet til vinnar.
De Lie velta så nær mållinja at han sklei over den og blei tilkjend 6.-plass, men han kan neppe fortsetje rittet. På sjukehus blei det fastslått at han unngjekk brotskadar, men han pådrog seg truleg hjerneristing.
Jonas Iversby Hvideberg kom inn med hovudfeltet på 83.-plass.